Kven er me?


Valen ride- og kjøreklubb vart starta opp sommaren 2005 etter ønske frå kvinnheringar som trengte ein klubb å starte stemne for. Klubben har base på Sunnhordland Ritell. Her er det ein stor ridebane på ca. 40 x 60m, og ein dressurridebane på 20 x 40m. I løp av 2010 reknar me med å få sett opp lys her. Det er og mykje ulendt terreng og ein passbane for dei som driv med kjøring. Området skal få lys i løp av  2010.
Klubben tel i dag vel 80 medlemmar!! Desse bur stort sett rundt omkring i ytre luten. Målet er å samla alle med hesteinteresse i denne delen av Kvinnherad.


Klubben satsar på både riding og kjøring, og prøver å leggje til rette og arrangere kurs for medlemmene. To gangar i året har me medlemsmøte, der medlemmene får vera med å bestemme arrangement for det neste halvåret.

I løp av åra har klubben arbeida for å kunne gje eit variert tilbod til medlemmane sine. Klubben sette seg som mål å arrangere minst to kurs i halvåret. Det har sidan 2006 vert arrangert mange ulike kurs. Me har også arrangert dressurstemne for alle grupper (med dommarar og premiar) og gymkhana. Dette har vore svært vellukka og me har fått mange positive tilbakemeldingar.
Elles har me hatt utfluktar rundt i kommunen og det har vore fleire samlingar med grilling i Handelandsdalen ved Feto utan hest.
Me prøver å få til minst ein open dag i halvåret. Her stiller medlemmene opp med eller utan hest og her vert det samla inn pengar til klubben.

 

Alt i alt har me det kjempe gøy, og ønskjer å gjera det beste for medlemmane våre!!!

 

Medlemsskap i Valen ride- og kjøreklubb kostar kr 350 for enkeltmedlemmer og kr 450 for familiemedlemsskap. Ta kontakt med nokon i styret om du ynskjer å bli medlem. Du finn meir informasjon om du går inn på sida 'Medlemsfordelar'.

 

Med venleg helsing,
Valen ride- og kjøreklubb 

 

valenrideogkjoreklubb.no © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use

valenrideogkjoreklubb.no