|
Skarveland stallen
Skarveland stallen ligg på Sandvoll og er eigd av Steinar Skarveland. I 2004 bygde han om driftsbygningen slik at det no er plass til 7 hestar. I stallen er det vaskespilt og utstyrsrom med skap. På låven er det god plass til lagring av fôr. Ved sida av stallen er det ein ridebane på 20x40m og mange mål med beitet. Om sommaren går hestane på beitet heile døgnet. Om vinteren er dei inne om natta.
Talet på hestar varierer litt frå år til år og om det er vinter eller sommar. Vinteren 2011/12 er det fem hestar på stallen:
Fengur fra Snartland – islandsvallak født 2005 - eigar Linda Askeland
Ffarah Shan – arabervallak født 9. mai 2003 - eigar Ingebjørg Ness
Lilja – fjordhoppe født i 2004 – eigar Line Handeland
Ymir frå Storebø - islandsvallak - født i 2003 - eigar Atie Skarveland
Zimba - minishetlandsvallak - født 2007 - eigar Sofia Handeland
Om sommaren er det ofte hestar frå Valenstallen på beitet her. |