|
Verdt å tenkja på for hestefolk!
Dette bør du vite om når du ferdast utforbi stallområdet med hesten din!
· Ryttarar og kuskar som viser respekt for allemannsretten aukar sjansen for framleis å kunne bruka andre sine eigedom til å ferdast/trena på. Allemannsretten gir oss rett til å ferdast på andre sin grunn på visse vilkår. Det er difor viktig å følgje dei reglane som gjeld og ta ansvar for eventuelle skadar og slitasje.
· Ryttarar og kuskar som ynskjer å nytta eit område regelmessig bør på førehand undersøkje med grunneigaren. Dette er spesielt viktig om du driv profesjonelt innan riding, trav eller galopp.
· Dersom fleire hestar trenar i lag er det ekstra viktig å vise omsyn. Risikoen for slitasjen blir også større.
· Å visa omsyn vil seie at: du held deg unna badeplassar og drikkevasskilder. du tek omsyn til forholda – unngår t.d. blaute parti når det er ekstra vått. du ikkje øydelegg skiløyper – spesielt ikkje preparerte!!
· Det er ikkje lov å ri eller køyra hest på dyrka mark, gardsplassar, tomtar m.m. Vis respekt!
· Sjølv om ein har rett til å ferdast i eit område skal ein vise omsyn til andre som nyttar området. Hugs at mange ikkje er vane med hest og nokre er redde. La hesten gå i skritt når du passerer gåande.
· Meir informasjon finn du i loven om allemannsretten og i friluftsloven! NB – ein kan gå på frosen innmark, men ikkje ri utan løyve frå grunneigar!!
Elles : Hugs hjelm og refleks og anna sikkerhetsutstyr! Smil og hels og la barn få klappa hesten! Då aukar velviljen enormt!
og til slutt, men ikkje minst viktig:
Fjern hestemøkk frå stiar og vegar og minn andre hestefolk om å gjera det same! |