Her finn du meir info om klubbstemnet!!

 

 

kursplanen for våren 2010 finn du her

 

Valen ride-og kjøreklubb inviterer alle sine medlemmer til

KLUBBSTEMNE   i

TRAIL!!!

(ein laurdag i første halvdel i juni 2012)

Denne gongen har me to klassar.

I kl. 1 skal du gjera følgjande medan du sit på hesten:

·        Opna ei grind – gå gjennom – lukka grinda etter deg.

·        Gå over ei ’bru’ (2 pallar som ligg på bakken)

·        Gå tett forbi nokre parasollar og barnevognar

·        Skritte over ein presenning om lag 2 m

·        Stå i ro i 5 sekund i ein sirkel på om lag 3m diameter


I kl 2 skal du i tillegg:

·         Gå gjennom ei løype der du opplever/ser ulike ting som du kan møte når du rir langsmed vegen
(klesvask – bosspann – ballongar – leikande barn m.m.)

·         ‘parkere’ hesten i ein sirkel – gå av, gå ein runde utforbi sirkelen og så på hesten igjen
(du kan få hjelp til å koma deg oppå igjen!)

·        Gjera ein ryggeøving

Det blir sett opp ei makstid og de får poeng alt etter korleis de gjennomfører løypa. Det blir premie til dei beste og deltakarsløyfe til alle under 12 år.

 SET I GONG OG ØV!!

NB – Ikkje øv åleine

Det er lurt å vera fleire når du øver på dette. Om dette er nytt for hesten din kan han/ho lett bli skremt og då skjer det lett uhell.
Ta små steg om gongen og hugs å rosa/belønna når hesten gjer aldri så lite framgang. For dei fleste er den beste belønninga å sleppe å gjera det fleire gongar!!;) Ta heller korte økter og/eller gjer ting som hesten likar veldig godt innimellom.


I kl. 2 vil du kunne møte barn som hoppar tau eller dabbar ein ball nokre meter frå løypa - kanskje ein bil med stereoannlegg på for fullt?? Inni løypa kan det liggje boss - fjøler du må skritte over - ballongar.... Tenk deg om kva du kan møte når du rir langsmed vegen og øv på det. Gir oss gjerne tips om kva du synst me bør ta med. Du får ikkje vite heilt nøyaktig korleis løypa vil sjå ut på førehand.

Ryggeøvinga er slik: Du skal svinge til høgre eller venstre i eit T-kryss - gå 2-3 steg og så ryggje tilbake slik at du kan gå ut av T'n der du kom inn.

Parkerøvinga: Du skal gå av hesten midt i ein sirkel på omlag 3m. Hesten skal halde seg innforbi sirkelen (og helst stå heilt i ro!) medan du går ein runde utforbi sirkelen. Dersom du treng hjelp til å koma oppå igjen, kan nokon halda stigbøylen på andre sida eller gje deg 'eit kne' utan at du får poengtrekk.
NB! Denne personen skal ikkje halda hesten!!


Nøyaktig korleis poenga blir fordelt får alle høyra stemnedagen.
Håpar alle vil øva på dette.
Greier hesten din gjennomføre dette, kan du vera stolt av at du har ein hest som taklar det meste!!

 

-----     -----     -----     -----     -----     -----     -----     -----     -----     -----     -----     -----

 
 

-----------------------------------------------------------------------